Lokal | 17. apr. 2020

Informasjon til foreldre: Velkomen til barnehagestart!

Bjørnafjorden kommune har sendt ut brev i dag.

Informasjon til foreldre: Velkomen til barnehagestart!
Os barnehage. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. apr. 2020 12:49

Onsdag 8. april blei det klart at banehagane opnar igjen måndag 20. april.

Bjørnafjorden kommune sendte i dag brev til foreldre med born i kommunale barnahagar.

OBS! For private barnehagar gjeld eigne opningstider og rutinar for til dømes mat og levering! Sjekk heimesider eller Facebook-sider til din barnehage.

Nokre opnar klokka 07.30, andre klokka 06.45.

Her er brevet kommunen har sendt ut til foreldre med born i kommunale barnehagar:

KJÆRE BARNEHAGEFORELDRE!

Måndag 20. april opnar barnehagane i Bjørnafjorden kommune igjen, etter å ha vore stengde for normal drift i over ein månad. Vi gler oss veldig til å sjå ungane dykkar att!

Gjenopninga skal skje i trygge og gode former
Vi trur det blir godt for barna dykkar å treffe andre barn som det kan vere saman med og leike med. Barnehagekvardagen vil kanskje vere litt uvant i starten, men vi skal gjere alt vi kan for at det skal bli godt og trygt for både små og store å komme tilbake.
Målet er å gradvis utvide nærmiljøet til barna, frå berre nærmaste familiemedlemmer til ei mindre gruppe i barnehagen. Barnet ditt skal få oppleve leik, moro, omsorg, nærleik og tryggleik, men i mindre grupper og med færre nærkontaktar enn vanleg.

Dette blir annleis i oppstarten for å sikre godt smittevern:

  • Mindre barnegrupper med færre nærkontaktar
  • Opningstida vil vere frå kl. 8 til 15, måndag til fredag slik at vi har alle vaksne på jobb samstundes.
  • For foreldre i samfunnskritiske funksjonar: 7 timars opningstid vil vere vanskeleg for foreldre i samfunnskritiske funksjonar. Vi ber om forståing for at det blir slik måndag og tysdag når vi skal få til ei god og trygg oppstart for alle barn og vaksne.
  • Vi vil ha direkte dialog med dykk om andre løysingar frå onsdag 23.04.
  • Auka reinhald og fokus på smittevern. Vi har laga gode rutinar for reinhald av lokalar, reinhald av kontaktpunkt, vask av leiker og leikeapparat.
  • Barna skal spise frukost før dei kjem i barnehagen og ha med matpakke til lunsj. Dei tilsette i barnehagen ønskjer å bruke mest mogleg tid saman med barna dykkar.
  • Smittevernlegen anbefalar at maten blir pakka inn i matpapir, slik at vi unngår å flytte matboksar mellom heimen og barnehagen. Barna vil få drikke i barnehagen.
  • Barna skal hentast og leverast ute så sant dette er mogeleg
  • Det blir myke utetid i barnehagane framover

Barnehagane i Bjørnafjorden kommune følgjer den nasjonale rettleiaren om smittevern i barnehagar. I kopi av brevet på kommunen sine heimesider er det lenkjer til desse.

Barn og vaksne med symptom på luftvegsinfeksjon må ikkje møte i barnehagen. Dette gjeld òg levering og henting.

Alle barn og vaksne vil få grundig opplæring i handvask og god hostehygiene.

Når vi veit korleis den første veka har gått, vil vi vurdere tilpassingar av vidare drift. De vil få informasjon om dette fredag 24. april.

Hjarteleg velkomne tilbake til barnehagen! Alle dei tilsette gler seg stort til å treffe både deg og barnet ditt igjen.

Brevet er signert kommunalsjef Line Rye og fagsjef Irene. K. Foer

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.