Lokal | 18. des. 2012

Inga avgjerd

Plan- og bygningsutvalet vil ha grundigare informasjon frå handelsstanden før dei tar avgjerd om kjøreretning i Brugata.

Inga avgjerd
Desse parkeringsplassane kan forsvinna om Brugata blir tovegskøyrd igjen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 18. des. 2012 09:45

Som Midtsiden skreiv om 4. desember så var ikkje Statens Vegvesen einige i dei løysingane Os kommune hadde skissert for trafikken i Brugata.

I førre veke fekk Plan- og bygningsutvalet saka på sitt bord.

Bakgrunnen for at saka kjem opp igjen allereie no, etter berre vel eitt år med dagens kjøremønster, er ei bestilling frå formannskapet om at administrasjonen skulle sjå på saka på nytt.

- Slik det er no er har regulariteten i Brugata betra seg, men det løyser ikkje ønsket om å leia trafikken inn frå Hatvikvegen.

- Handelsstanden skal, slik et har forstått det, ønska å regulera tilbake til tovegskjøring, forklarte Marianne Kramer.

Skapar problem for apoteket

Om ein vil regulera Brugata til tovegskjøring må ein fjerna parkeringsplassane framfor Apoteket og berre gjera det lov med av- og pålasting.

- Apoteket har signalisert at dei då får problem i høve til kundar som til dømes er dårleg til beins, fortalte kommunalsjef Karl Ole Midtbø.

Vil spørja næringslivet

Dette fekk politikarane i utvalet til å villa tenka seg om éin gong til.

- Eg vil kjøpa meg tid. Dette blir for lettvint. Eg har oppfatta at det er fleire meiningar i sentrum, når det kjem så sterke signal som å legga ned så må vi ta det på alvor.

- Kva meiner eigentleg sentrumsforeninga og dei som driv næring i sentrum? Eg synast vi skal senda saka tilbake til administrasjonen for ei grundigare utgreiing, meinte Terje Sperrevik (TvS).

- Eg er einig med deg at det kan vera fornuftig å få høyra kva næringslivet og grunneigarane meiner, sa Ståle Skaatun (H).

Dermed blei saka utsett for grundigare utgreiing frå administrasjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.