Lokal | 24. jan. 2019

Ingen bod på Fjellheim

... men fleire har vore på synfaring.

Ingen bod på Fjellheim
Fjellheim blei lagt ut for sal i oktober 2018. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 24. jan. 2019 14:34

I oktober i fjor vart Fjellheim lagt ut for sal. Det er SPV Næringsmekling som står for salet.

Prisantydning for tomta på 2754 kvadratmeter med bygningar er på 10 millionar kroner.

– Treg prosess

Ansvarleg meklar for salet, Daniel Røksund, fortel i ei tekstemelding til Midtsiden at dei jobbar med nokre interessentar, men at det er ein treg prosess.

Rådgjevar og saksbehandlar i Os kommune, Andris Hamre, er kommunen sin mann i salsprosessen.

Hamre fortel at det har vore fleire interessentar på synfaring, men det er ikkje kome inn bod så langt.

Metta marknad for sentrumsnære leilegheiter?

På spørsmål om kven interessentane så langt er, vil ikkje Hamre seia så mykje, men han har likevel ei betraktning om situasjonen;

– Slik eg opplever marknaden i Os, er det lite truleg at eigedomen er aktuell for ein utviklar.

– Det er allereie ganske mange andre sentrumsnære prosjekt.

På sikt er det tenkt fortetting av bustadar på vestsida av Byvegen, frå Os Næringspark forbi Fjellheim til Stegen.

• Les òg: 36 leilegheiter på Fjellheim-tomta (2014)

I april i fjor blei det lagt ut 36 leilegheiter i Stegen, før jul la Block Wathne ut første trinn i det som blir fleire rekkehus i Osstølen.

Foreløpig utan frist

– Kva om interessa ikkje fører til bod. Kor lenge kan Fjellheim liggja ute på marknaden, om det ikkje resulterer i noko sal? Har de i Os kommune ein «Plan B»?

- Eg må forholda meg til dei politiske vedtaka som er gjort kring Fjellheim, og det oppdraget som som er gjeve. Førebels er det ikkje andre føringar enn å ha Fjellheim ute på marknaden slik vi gjer no.

– Kan det bli aktuelt å gjera noko med prisen, om salet uteblir?

– Her må eg igjen visa til dei politiske vedtaka og den prisen meklar meiner er rett.

Eit eventuelt bod vil bli vurdert av eigedomsutvalet til Os kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.