– Ingen bryr seg
I to år har dei kjempa for å sikra den farlege utkjørsla, men framleis dundrar vogntoga forbi i over 70 km/t utan at noko blir gjort.
– Eg passar huset til foreldra mine og har fått friska opp minnet på kor utruleg farleg dette krysset er, seier Jan Erik Soltveit.
Foreldra bur i Trosavikjo, som ligg mellom Bergstø og skulen på Søfteland, men på motsett side av vegen.
– Utkjørsla på E39 har knapp sikt, vi ser berre rundt 20 meter av vegen mot Bergen. Då det i formiddag kom ein ekspressbuss i godt over 70 km/t ringte eg politiet, sa Soltveit fredag ettermiddag.
Fleire faktorar
Kjører du frå Bergen mot Os, rett forbi det lysregulerte fotgjengarfeltet ved Søfteland skule, får du innkjørsla til Soltveit og naboane deira på høgre hand før den krappe høgresvingen før Bergstø.
Soltveit ramsar opp fleire årsaker til at krysset er farleg:
• Stor trafikk.
• Dei som skal ut på E39 har dårleg sikt begge vegar.
• Fartsgrensa for dei som kjører retning Os har ved utkjørsla nettopp auka frå 40 til 50 km/t, noko som ifølgje Soltveit gjer at mange aksellerer forbi krysset og opp i godt over 70 km/t.
Hjartet i halsen og klampen i botn
– Det skjer mange ulykker på vegen gjennom Søfteland, ikkje minst mellom her vi bur og Joker-butikken.
– Trafikken mot Os og Halhjem er verst, bilane som kjem frå Bergen held ofte veldig høg fart.Det er også skuffande å sjå at yrkessjåførar ser ut til å vera dei som er tyngst på pedalen.
– Anten vi skal mot Bergen eller Os når vi kjører innpå vegen, så er det med hjartet i halsen.
Sjølv kjører Jan Erik ofte motorsykkel, og mc har som kjent mykje kortare bremselengde enn bil.
– Eg må aksellerere noko voldsomt når eg skal ut i krysset for ikkje å få ein bil, lastebil eller buss i bakhjulet mitt.
– Ingenting skjer
Leigebuarane til foreldra til Soltveit, sambuarparet Marita Hope og Olav Harald Brekke, seier dei og andre naboar har kjempa i over to år for å få vegvesenet til å ta grep.
– Vi har retta oss til kommunen, som seier dei tar det vidare med vegvesenet, men det skjer ikkje noko.
– Vi har også bedt om å få eit spegl på motsett side av utkjørsla, så vi får betre sikt, men vegvesenet sa nei, dei påsto at det ikkje var lov på europaveg, fortel Marita.
– Det er berre tull. eg har sett fleire slike spegl langs E39, seier Olav.
Også nabo som bur ved utkjørsla ovanfor, Kjell Myking, fortel om ein lang kamp for tryggare veg.
– Det var mykje diskusjon også på 80-talet. Foreldreutvalet ved skulen har også prøv å få til noko dei siste åra, for det skjer mange ulykker her, seier Myking, som har budd i området i 40 år.
Vil ha 30-sone til Bergstø
Soltveit med følgje meiner det ville vore lett å gjera vegen og utkjørslene tryggare.
– Vegvesenet kom og klipte ein hekk her i vår, det var til hjelp. Men det viktigaste er å få ned farten, og dei kunne ha byrja med å flytta skiltet som aukar farten frå 40 til 50 forbi svingen og forbi avkjørsla til planteskulen på Bergstø.
– Men med den ulykkesfrekvensen og det talet på utkjørslar og overgangar for skuleborn og andre fotgjengarar burde farten vore redusert til 30 km/t på heile strekket mellom kunsgrasbanen og Bergstø, meiner Jan Erik Soltveit.