Ingen henta plasten på Bogstrand
– Posane blei sett fram til rett tid, som snart er to veker sidan, fortviler nabo. (Oppdatert)
Det flyt med plast ved rasteplassen på Bogstrand etter at ingen har henta posane frå husttandane blei sett opp til vegen.
– Alle dei åtte husstandane sette fram posane på rett dag, 21. mars. Då eg kom heim og såg at det ikkje hadde vore henting, så tok eg og ein annan nabo posane ned igjen til huset, fortel Agnar Midtsæter.
Dei andre posane blei ståande igjen. Sjølv om det er plast og ikkje restavfall har fuglar og kattar gått laus på sekkane.
– Eg ringde Bir før helga, og då skulle dei koma med éin gong. Dei ba meg setja sekken min opp til vegen igjen, men heller ikkje fredag kom dei.
– Skal ikkje skje
Tina Skudal hos Bir verkar overraska over den manglande hentinga, og ønskjer å få orden på saka så snart som mogleg.
– Vi har dessverre ingen bilar i området i helga, men dette vil eg følgja opp på måndag, seier Skudal og ber om adressa.
– Slike ting skal ikkje skje. Om dyr har hakka hol på sekkane kan det vera lurt å ta ein ny utanpå, så det ikkje flyter utover.
I mellomtida har nokre av dei som bur på området fått rydda ein del av plasten.
OPPDATERT: Blei henta måndag
Måndag formiddag melder Bir at dei har henta plastsekkane, som då dei blei henta låg låg i ein hyttekonteinar.
– Her kan det ha skjedd ei misforståing mellom kundevegleiar og kunde med tanke på det at vi skulle henta fredag.
– Vi plar normalt seia at vi kjem i løpet av tre virkedagar, og dette punktet er i starten på ruta som startar klokka 6 om morgonen, fortel Skudal.
Bir vil sjølv diskutera saka på eit driftsmøte i dag.