AMFI Os ti minutt før opning i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Black friday: Ingen hysterisk start på AMFI Os

... men leikebutikken Ringo Pluss skapte lang kø!

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Klokka 7 opna dørene til back friday-sal og gratis frukost på Amfisenteret. Det siste kvarteret før opning trilla det tett med bilar inn på parkeringsplassen, og rundt hundre kundar sto framfor hovudinngangen ved opning.

Som eit fartsdempar på kundane, på veg til dei beste tilboda, blei det delt ut lodd ved inngangen.

– Vi har 200 gratislodd, 18 av dei er vinnarlodd. Største premiar er gåvekort på 5000 og 1000 kroner, fortel senterleiar Siri Ann Myhren Dalseide.

Det var få vinnarlodd blant dei 100 første, og 5000 kroner gjekk til ein eldre herremann.

Lang kø ut av leikebutikken

Butikken som såg ut til å skapa størst morgontrafikk var Ringo Pluss. Dei har 40 % rabatt på heile butikken (utanom Lego) dei første timane i dag. 

Ein av dei som sto fremst i køen utanfor hovudinngangen, og som fekk det han skulle ha, var ein mann «på Pokemon-jakt».

– Sonane våre er glade i Pokemon, og akkurat denne fekk eg høyra at dei berre hadde to igjen av. Det er kjekt å få god pris, men for meg handla det først og fremst å få tak i desse. Det hadde ikkje nytta med berre éin, seier Thomas Halhjem.

Vellykka tjuvstart på Elkjøp

Sport og elektronikk er normalt òg blant varene det går mest av på black friday. Ein av dei første innom Elkjøp var tidlegare ordførar Geirmund Dyrdal.

– Nokre tastar på pc-en min ramla av, så no kjøpte eg ny. Den kosta 9.000 kroner før, i dag fekk eg den til 5.500, sa ein nøgd Dyrdal på veg til baksida av butikken for å henta ut den nye pc-en.

Butikksjef Bjarte Johannessen fortel at årets black friday blir litt annleis enn i fjor.

– Vi starta eigen kundeklubb i oktober. Vi var litt seine med dette. I går gav vi medlemmane av kundeklubben tilgang på alle black friday-tilboda, og det gav veldig god respons. Dermed tok vi nok litt av trykket frå dagen i dag, som truleg likevel blir hektisk.

– Samla sett, etter ein del år med black friday, er det ein kampanje som er lønsam for butikken?

– Vi skulle jo helst sett at den kom i januar, men den er med på å dra opp årsomsetnaden. Handelen har vakse veldig mykje på black friday dei siste åra, og for vår del så går det også unna ein del større varer, ting som normalt ikkje er julepresang.

For ved sidan av Playstation og fjorårsmodellar av iPhone, er TV ei av varegruppene der det er store pengar å spara. Ein 75-tommar går til ein rabatt på rundt 10.000 kroner. 

Fleire saker