Ingen legevaktkrise i Os
TV2 har dei siste dagane satt fokus på legevaktane rundt i Noreg. - Legevakta på Os er godt bemanna, forsikrar helse- og omsorgssjefen.
Tenesteutvalsleiar Eirik Andre Hesthamar (Frp) har fått med seg TV2 sine dokumentarar dei siste dagana kor dei har avdekka mellomanna at uerfarne turnusleger bemannar legevaktene rundt i landet og at legane arbeider aleine på vakt.
- Kva er situasjonen på Os legevakt? undra Hesthamar.
Aldri aleine
Kommunalsjef for helse- og omsorg Nils-Petter Borge kunne roa Hesthamar.
- Legane i Os jobbar aldri aleine.
- Etter at vi tok grep for nokre år sidan, har vi døgnbemanna legevakta med sjukepleiar i tillegg til lege, forklarte Borge.
Røynde legar
14 legar arbeidar på legevakta i Os.
- Dei fleste er røyde leger med lang praksis som allmennlegar, fleire av dei er òg spesialistar i allmennmedisin.
- Kun ein av dei 14 er turnuslege. Vedkommande har alltid ein røynd lege i bakhand som kan ringast til om det trengs, forsikra helse- og omsorgssjefen.
Omfattar no Austevoll og Fusa
Frå 1. oktober fevnar no legevaktstenesta i Os også Austevoll og Fusa, slik at innbyggarar som ringer lokal legevakt får telefonhjelp frå Os, men framleis hjelp av lokal lege om det trengs.
- Bemanninga på legevakta blei ytterlegare styrka etter at vi no tek oss av Austevoll og Fusa. Eg meiner vi har ei god legevakt i Os.
- Då legane i Samnanger blei omfatta av våre legevaktsordning var tilbakemeldinga at dei opplevde ein heilt ny kvardag i og med at vi hadde eigne sjukepleiarar som var tilsett og at vi alltid rykkar ut to saman, forklarte Nils-Petter Borge.