Lokal | 14. apr. 2020

Ingen prikkfri påske: To mista lappen

Politiet har hatt fleire fartskontrollar denne langhelga.

Ingen prikkfri påske: To mista lappen
Politiet har hatt fleire fartskontrollar i påsken. To av dei førte til førarkortbeslag. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. apr. 2020 08:40

Politiet har i påsken tatt éin for promillekøyring og stoppa éin privat fest grunna støy.

I trafikken har dei hatt meir å gjera.

Onsdag i 20.40-tida fekk ein elbil motorstopp på E39 på Hetleflåten. Bileigar meldte ifrå til politiet, så dei visste årsaka, men ordna sjølv med bilberging. Det skal heller ikkje ha vore behov for dirigering.

  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Lastebil innestengd av turgåarar

To bileigarar som gjekk fjelltur blei tilkalla av politiet og kommandert ned til Midtseter for å flytta bilane sine.

– Bilane sto parkert så tett at lastebil og traktor, som blir køyrd i området, blei sperra inne. Turgåarar må bli flinkare til å ta omsyn, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Ho har òg registrert bekymringane etter «rekord-parkering» ved Lysekloster-ruinane langfredag.

2 av 5 mista lappen

Politiet har hatt fleire fartskontrolar i påsken. To av dei fem som køyrde så fort at dei fekk prikkar på førarkortet, hadde så mange prikkar frå før at det blei tatt beslag i førarkortet.

  • Fredag 10/4 kl 17, Halhjemsvegen: Mann i 20-åra tatt for ulovleg bruk av mobiltelefon. Fekk forelegg på 1700 kroner og to prikkar på førarkortet.
  • Fredag 10/4: Bil målt til 76 km/t i 60-sona, noko som normalt fører til tre prikkar på førarkortet. Men bilførar, ein mann fødd i 1996, er framleis i prøvetida, dermed blei det seks prikkar. Han hadde fire frå før, dermed blei det førarkortbeslag.
  • Laurdag 11/4 kl 05 på Byvegen: Bil målt i 73 km/t i 60-sona, førar fekk 3.800 kroner i forelegg i 2x2 prikkar då bilførar er føddd i 2001 og framleis i prøveperiode.
  • Laurdag 11/4 kl 12.45: Kvinne fødd i 1977 tatt i snittmåling. Målt til 66 km/t i ei 50-sone og fekk 5.500 kroner i forelegg.
  • Søndag 11/4: Bil målt til 79 km/t i 60-sona ved Tøsdalsskiftet på Byvegen. Bilførar, ein mann fødd i 1987, hadde seks prikkar frå før og fekk tre nye, dermed blei det førarkortbeslag. Bilførar er ikkje frå Os.

Langt vogntog på veg til Rødsliane

Laurdag morgon blei ein bil avskilta grunna manglande forsikring. Ein annan blei avskilta grunna manglande EU-godjenning.

Tysdag morgon litt før klokka 07 fekk politiet melding om vogntog på veg frå Samnanger mot Os via Rødsliane. Vogntoget skal ha vore lengre enn kva som er lov på vegen, men politiet skal ikkje ha fått meldingar om at vogntoget fekk problem opp dei smale, krappe svingane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.