Lokal | 10. juni 2017
Ingen promille eller manglande bilbelte
Politiet med promillekontroll på Ulven i natt.
Andris Hamrelaurdag 10. juni 2017 09:07
Natt til laurdag gjennomførte politiet ein promillekontroll på Ulven.
– Det gjekk veldig bra. Der var det inga bilfører med promille.
– Men det blei skrive ut eit gebyr for manglande sikring av passasjer. Han hadde med andre ord ikkje bilbelte på seg, seier operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt.
Utover det hadde politiet ei roleg natt i følgje loggen.