Sport | 10. juni 2010

Ingen siger til Os

Seglarane frå Os fekk tøff konkurranse i Korsfjordtrimmen.

Ingen siger til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. juni 2010 08:17

Tysdag var seglarane frå Os på trim med båtane, denne gong i Korsfjorden der dei konkurrerer mot både kvarandre og seglarar frå Milde Båtlag og Bergens Seilforening.

23 båtar stilte til start i sol og fin vind, i ein bane som var litt annleis enn vanleg når vinden bles frå nord-nordvest.

Løpet gjekk denne gong til Børnestangen, ikkje til Horsøy, noko som gjorde at det ikkje blei full kryss ut frå start, melder Kjetil Eriksen frå Os Seilforening.

Mange starta ut med for høg kurs i forhold til merket ved Børnestangen. Dette gjorde at dei måtte falla kraftig av mot slutten, og fekk ein noko lengre og meir stille veg å segla.

Det same skjedde på neste legg, som gjekk nordaust mot Horsøy. Så var det lens ned mot runding ved Blia. Dei to neste legga var fram og tilbake til Børnestangen. På veg tilbake blei det skarp slør.

Dei som segla kortast mogleg veg gjorde det best. Det var også viktig med mest mogleg fri vind på slørelegga.

RESULTAT

Lys Doublehand
1. Vito (Nina Rosenlund, Ran Seilforening)

Lys t.o.m 1,15
1. Exena (Carl Olav Wickmann, Bergens Seilforening)
2. Pollyanna (Odd Haugland, Milde Båtlag)
3. Godemine (Kåre Perry Solibakke, Os Seilforening)

Lys 1,16 til 1,24
1. Bulle (Stein Olav Drange, Milde Båtlag)
2. Piano (Sverre Holm, Os Seilforening)
3. YABADOO III (Trond Wickman, Bergens Seilforening)

Lys 1,25 og over
1. Hyggen IX (Leif Martin Drange, Bergens Seilforening)
2. VENI VI (Jan Hjellestad, Bergens Seilforening)
3. Marlin (Hermod Opstvedt, Os Seilforening)

Sjå heile resultatlista med detaljar på www.os-seilforening.org

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.