Lokal | 09. des. 2012

Ingen skadd på glatten

Men fleire hamna i grøfta.

Ingen skadd på glatten
Denne bilen hamna i ei skråning utfor E39 nær Uno X i 23-tida laurdag kveld. (Lesarbilde, foto: Arne Veim Haugland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 09. des. 2012 12:09

Laurdag ettermiddag snødde det tett i Os og føret blei vanskeleg for fleire.

I 16.30-tida kolliderte to bilar i krysset mellom Byvegen og Gudriflaten, i 22.50-tida hamna ein bil utfor på Byvegen, mellom Tøsdalsskiftet og Ulvenskiftet.

Bilen ser ut til å ha hatt retning Bergen før den glei utfor og hamna ned i ei skråninga.

– Ingen blei skadd i utforkjøringa, opplyser operasjonsleiar Erik Hole.

Bilen blei taua på vegen igjen og politiet var på staden og fekk ein prat med føraren og passasjerane medan dei dirigerte trafikken forbi.

Utfor i Industrivegen

I 2-tida i natt kom politiet forbi ein bil som sto i grøfta i Industrivegen.

– Også her var det nok snakk om uhell på glatten og ingen var skadd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.