Kultur | 28. sep. 2011

Ingen utleige fører til fleire kjøp

DVD-seljarane tener på at Os Filmsenter er lagt ned. Men filmsenteret kjem kanskje til å opna igjen.

Ingen utleige fører til fleire kjøp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. sep. 2011 10:17

Onsdag 31. august blei siste opningsdag for 27 år gamle Os Filmsenter. No går det i kjøpefilm i Os.

– Fleire spør om vi også leiger ut, noko vi ikkje gjer. Men det verkar som om dei synes det er heilt OK å kjøpa når dei ikkje lenger kan leiga, seier Tor Owe Rennemo hos Playcom.

Fin auke

Rennemo fortel at kjøpefilm har overtatt som største varegruppe i forhold til musikkbutikken han dreiv i 20 år fram til i februar i år.

– Samla sett er omsetnaden 20-25 prosent høgare her enn nede hos Musikkverket. Den største veksten kjem frå varegruppa kjøpefilm, som står for rett over 50 prosent av den samla summen.

– Det er fleire faktorar som speler inn når det gjeld kjøpefilm, ikkje minst kva titlar som står i hylla for nyhende. Vi hadde auke frå august til september og noko av denne er nok på grunn av at det ikkje har vore utleige i Os etter 1. september.

Pirat-start i dag

Fast & Furious 5, Bastøy og Thor har saman med barne- og ungdomsfilmane Rio, Rango og Anne + Jørgen = Sant vore blant bestseljarane den siste tida.

– No har også ein restaurert versjon av originalen til Løvenes Konge kome, den kjem til å selja bra, det same gjer siste Pirates of the Caribbean til å gjera, den har vi salstart på 28. september.

Fleire strengar

I tillegg til kjøpefilm og musikk er instrument framleis ei viktig varegruppe for Rennemo.

– Vi sel framleis gitarar, eg selte seinast ein no når du kom. Eg har faktisk også selt to fiolinar og tre ukulele, ler Tor Owe.

Ny leigetakar i Irisgården?

I Os Filmsenter-lokalet er det framleis bowling. Og det er ikkje umogleg at også videokiosken og gatekjøkkenet opnar igjen om ikkje så lenge.

– Vi har hatt fleire interessentar og er i dialog med potensielle nye leigetakarar, seier Jarl Berentsen frå Irisgården AS.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.