Banktjørn (bildet) har ikkje hatt trygg is til no. I dag var heller ikkje Gåsakilen farbar. (Foto: KVB)

– Ingen vatn har trygg is

Os brannvesen har vore på ny måling i dag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag 27. februar blei Gåsakilen, som første vatn i Os, skilta med «trygg is».

I dag har Gåsakilen blitt avskilta.

– Isen har byrja å smelta frå oppsida, du kan skrapa deg ned i isen med skoen, fortel brannmeister Gitle Smaadal.

Os brannvesen har vore ute på alle vatna som dei har faste målingar på; Ulvenvatnet nord og sør, Banktjørn, Lekvenvatnet og Gåsakilen.

– Ingen av dei har trygg is. I helga er det meldt mildvêr, så vi treng ein god kuldeperiode før vi igjen går ut og sjekkar forholda.

Til no denne vinteren har det blitt ei god veke med farbar is på enkelte vatn.

• Les òg: Far og son på trygg is

Banktjørn og Ulvenvatnet blei aldri mål som trygge, men privatpersonar har målt isen på Vinddalsvatnet som trygg, og det har vore unge isfiskarar utpå Hetleflotvatnet utan uhell.