Sport | 05. okt. 2020

Ingen verdscup i haust

Planlagt sesongstart i Heerenveen utsett på ubestemt tid.

Ingen verdscup i haust
Sverre Lunde Pedersen. (Arkivbilde, foto: Kristian Vårvik)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. okt. 2020 07:33

– Samtidig som eg har fått kvalitetstid heime med familien, har eg i denne perioden òg fått mykje ro til å kunna trena ekstra godt, og til å bygga meg opp fysisk, sa Sverre Lunde Pedersen til Midtsiden for to veker sidan.

Oppkøyringa i Stavanger har så langt vore vellykka for den nybakte pappaen, som hadde sikta seg inn på ein alternativ sesongstart med ein «hub» i Nederland.

Frå før var verdscupopninga i Polen 13. til 15. november avlyst, det same var verdscupen i Stavanger og Salt Lake City dei neste vekene.

Det blei vurdert eit alternativ med tre verdscupløp på rad i den nederlandske skøytebyen, men i førre veke valte ISU å utsetja dette på ubestemt tid.

The ISU concluded that the basic budget for such Hub Concept remains within acceptable limits (...) The Council therefore concluded that the implementation of the Hub Concept for World Cup Speed Skating Competitions during the month of November and early December 2020 was premature, skriv det internasjonale skøyteforbundet.

Men ISU vil vurdera eit tilsvarande opplegg tidleg i 2021.

– Dessverre blei det ingen versdscup denne hausten, men eg håper vi får gå løp tidleg etter nyttår! Motivasjonen er framleis på topp fram mot OL i 2022, skriv Sverre på Instagram.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.