midtsiden

Innbrot i to bilar

Midt på dagen, medan ho var på tur på Lyshorn, braut nokon seg inn i bilen hennar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag i 10-tida parkerte kvinna ved Lysekloster-ruinane for å gå på tur på Lyshorn. Tilbake på parkeringsplassen klokka 11.30 oppdaga ho at bilen hennar ikkje hadde fått stå i fred.

- Kvinna kontakta politiet og fortalte at ho hadde hatt innbrot i bilen sin medan ho var på tur, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Terje Hilland.

I tillegg til hennar eigen bil var ruta knust i bilen ved sida av.

- Sjølv hadde ho ikkje verdisaker i bilen, om noko er sakna frå den andre bilen veit eg ikkje, seier Hilland.

Politiet er interessert i tips i saka. Os lensmannskontor treff du på 56303900.

Fleire saker