Lokal | 31. des. 2009
Innbrot i konteinar
Ein koneinar ved Os Hagesenter blei loppa for fyrverkeri i natt.


Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. des. 2009 11:10
I 7-tida torsdag morgon reagerte eit avisbod på at ein kontenar på parkeringsplassen til Os Hagesenter sto på vidt gap. Bodet varsal politiet.
- Akkurat kor mykje som er vekke har eg ikkje oversikt over, men det har forsvunne ein del store effektbatteri, seier fyrverkeriseljar Terje Andersen til Midtsiden.no.
Tjuven opna konteinaren ved å bryta opp festet som hengelåsen sto i. Politiet har vore på staden.