Lokal | 23. mars 2012

To innbrot i natt

To bedrifter i Industrivegen blei i natt utsett for innbrot. Politiet ber om tips.

To innbrot i natt
Industrivegen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. mars 2012 10:49

Både bilverkstaden Thuen & Matre og rørleggarbutikken NoRør hadde natt til fredag ubedne gjestar på besøk.

– Vi trur innbrota har skjedd mellom klokka 1 og 3 i natt, og håper nokon som har spasert eller kjørt forbi på denne tida kan ha sett noko, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Hos begge bedriftene tok tjuven eller tjuvane seg inn ved å knusa ei rute.

Nokre mindre pengeløp er tatt frå begge plassar.

Kontrollerte 40

Torsdag kveld, i 22-23-tida, hadde politiet trafikkontroll på Søfteland.

40 bilar blei kontrollert, alle hadde alt i orden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.