Lokal | 20. mai 2009

Innbrot og båtfunn

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. mai 2009 09:33

Måndag morgon blei ein full mann i 30-åra henta av politiet i Kuvågen.

- Vi tok han med til lege på veg til arrest, men mannen kvikna til, så då kjørte vi han heim, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Måndag formiddag kom det også melding om innbrot i hytte på Lepsøy. Verktøy skal vera sakna frå hytta.

Måndag ettermiddag blei eit drikkelag med to menn og ei kvinne fjerna frå Os ungdomsskule.

På kvelden måndag fekk politiet melding om uvedkomande på Luranetunet. Ein mann hadde, etter at han tok av seg skoa (!) gått i kantina i 22-tida om kvelden. Då politiet kom fram var han ikkje å finna.

Båt og campingvogn
Ei campingvogn utan skilt står delvis ut i vegen og skyggar dessutan for eit skilt på Bogstrand. Politiet veit ikkje kven eigaren er, og lurer på om denne er dumpa.

Mellom 17. og 18. mai blei ein eldre, blå Askeladden lagt til land i Kuvågen. Båten har Johnson påhengsmotor med 20 eller 30 hestekrefter.

- Vi er interessert i å koma i kontakt med eigarane av både campingvogna og båten, seier politiet.

Os lensmannskontor har telefonnummer 56303900.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.