Lokal | 27. juli 2011

Innbrot og hundebitt

Politirapport: Moglegens to innbrot i byvegen og hund bitt under luftetur.

Innbrot og hundebitt
Andris Hamreonsdag 27. juli 2011 10:08

Politiet fekk tysdag melding om innbrot i ei leilighet i byvegen. Då dei kom til staden viste det seg at det òg kan ha vore innbrot i ei naboleilighet.

- Det er stole nokre gjenstandar frå ei leilighet, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.

- Det er òg mogleg at det har vore innbrot i ei anna leilighet i same bygning, men dette vil vi sjekke ut nærmare i løpet av dagen, forklarar politioverbetjenten.

Politiet arbeider med å få kontakt med eigaren av den andre leiligheta.

Beit hund på luftetur

Ein hundeeigar var tysdag ute og lufta hunden sin på Lekven då den blei bitt av ein annan hund på tur.

- Til å byrja med nekta den som lufta hunden som beit å oppgje personalia til den fornærma hundeeigeren.

- Etterkvar har tinga løyst seg og personalia og forsikringar om at alle kostnadane av bitta ville bli dekka av eigaren av hunden som beit skal ha blitt gitt, fortel Sperrevik.

Eigaren av hunden som blei bitt reknar difor saka som avklart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.