Innbrot og motortjuveri i Kvernavika
– Dei har tatt undervannshuset på fire store påhengsmotorar, fortel Svein Skoglund.
Onsdag blei det oppdaga at nokon har øydelagt låsen til bommen til Os Seilforening si hamn i Kvernavika.
– Det skal vera stole fleire påhengsmotorar i høg prisklasse, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Svein Skoglund frå Os Seilforening fortel at nokon har kappa den kraftige hengelåsen for å opna bommen og ta seg ned på det avsperra området.
– Dei må ha hatt batteridriven vinkelkuttar for å klara dette, meiner Skoglund.
Tok undervannshus på store motorar
Innbrotet blei oppdaga i 17-tida onsdag.
– Med det same vi kom ned på området såg vi at undervannshuset påtre påhengsmotorar, 90 til 150 hk store, var fjerna. Seinare oppdaga vi eit fjerde tjuveri av same sort.
– Dette ser ut som bestillingstjuveri, synest Skoglund.
Os Seilforening har send melding til medlemmane og dei som leiger plass i hamna, og bedt alle sjekka båtane sine.
Ønskjer tips
Innbrotet og tjuveriet har truleg skjedd mellom klokka 18 måndag og klokka 18 tysdag.
Politiet er interessert i tips i saka.