Lokal | 16. nov. 2013

Innbrot på Joker

Politiet har i natt fått melding om samanstøyt med hjort, tatt beslag i falske, heimelaga skilt og leita gjennom Joker-butikken i sentrum på jakt etter tjuvar.

Innbrot på Joker
Innbrotsalarmen gjekk hos Joker i Os sentrum i natt. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 16. nov. 2013 09:34

Benedicte Svanes

Klokka 03.30 i natt gjekk innbrotsalarmen hos Joker i Os sentrum.

– Vi rykte ut og kom til ein butikk der døra sto open, fortel politibetjent Benedicte Svanes.

Politiet sjekka gjennom butikken, men fann ikkje folk. Det var heller ikkje tydelege teikn til tjuveri, så det er førebels uvisst om noko er sakna frå butikken.

Bil med heimelaga skilt

I 2-tida i natt kom politiet over ein parkert bil med heimelaga skilt. Nummeret på skilta stemte heller ikkje.

– Vi fekk ikkje kontakt med eigar, men har tatt beslag i skilta.

Utlending utan førarkort

I 15-tida fredag stoppa politiet ein lastebil med utanlandsk førar.

Vedkomande hadde ikkje førarkort med seg, så han har fått pålegg om å koma og visa dette for politiet på måndag.

Fekk hjort i sida

Ein hjort skal å sprunge inn i sida på ein bil klokka 00.50 i natt.

Bilen kjørte på Hegglandsdalsvegen då samanstøyten skjedde.

Ingen personar blei skadd.

Politiet fekk også melding om ein hund som sto lenge og bjeffa i ein bustad i Hegglandsdalen.

Dette var i 15-tida på dagen. Politiet skal ikkje ha fått kontakt med eigar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.