Lokal | 08. nov. 2011

Innbrot på Kysten

Tjuvar braut seg inn og stal pengar. Politiet ber om tips.

Innbrot på Kysten
Andris Hamretysdag 08. nov. 2011 09:54

Måndag kveld klokka 21.15 kom melding om at uvedkommande hadde teke seg inn på Kysthospitalet i Hagavik.

- Dei har tatt seg inn via ein nødutgang og inn til eit kontor.

- Der har dei stole omlag 3000 kroner i kaffipengar og ein konvolutt med 6-700 kroner frå eit skap, fortel politibetjent Ingunn Instebø ved Os lensmannskontor.

Politiet har vore på åstaden og foretatt ei gransking av staden.

- Førebels har vi ingen gripne eller mistenkte, så om det er nokon som har sett noko anten ved Kysthospitalet eller i området som dei trur kan vera av interesse for politiet ber vi om at de kontaktar oss.

Os lensmannskontor når du på 56 30 39 00 eller 480 02 480.

Det blei ikkje teken medisinar i innbrotet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.