Innbrot på Os vgs
Laurdag blei det meldt om innbrot på Os vgs der blant anna ein bil var blitt stolen.
I 16- tida laurdag gjennomførte politiet i Os ein køyretøykontroll ved Skeisflaten på Nore Neset.
- 20 bilar blei kontrollerte, men ingen fekk nokre reaksjonar, fortel politibetjent Christine Grindstein.
Stal frå skule
I 17- tida kom det inn melding om innbrot på Os vgs der det blant anna var stolen ein bil i tillegg til andre gjenstandar.
- Vi har ikkje fått oversikta over alt som er stole enda.
Bilen, ein svart Citroën Berlingo, er funnen og to personar er pågripne i saka og sit i fengslingsforvaring.
- Vi er interessert i tips i frå publikum om nokon har sett bilen i tidsrommet lørdag morgon og fram til klokka 18.
Berlingoen er merka med Os vgs sin logo.
Har du tips i saka kan du kontakta Os lensmannskontor på telefon 56 30 39 00.
Rykka ut to gonger
Ei kvinne blei natt til søndag stoppa for mistanke om køyring i påverka tilstand.
- Kvinna tok blåsetest som viste at promillen var over lovleg verdi, fortel Grindstein.
Ut i nattestimane rykka politiet ut etter melding om slossing på ei adresse nær Os sentrum.
- Då politiet kom fram hadde ting roa seg ned og det blei ordna opp på staden.
Men ein time seinare måtte dei på nytt ut på same adressa då det kom nye meldingar om slossing.
- Også denne gongen hadde ting roa seg ned når vi kom fram.
- I utgangspunktet blei det ingen anmeldingar, men vi får sjå etter helga om det blir noko etterspel, avsluttar Grindstein.