Meining | 02. juni 2021

Innbyggarane – vårt ansvar

Framstillinga økonomisk bør ein kunna stilla spørsmål ved.

Innbyggarane – vårt ansvar
Varaordførar Mikal Leigland (Sp). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. juni 2021 13:39

Eg ser i Os & Fusaposten at vikarbruken i Fusa kommune, innan pleie og omsorg for åra 2014-2019, er av stor interesse for enkelte.

At ein innan dette feltet har hatt utfordringar med å skaffa kvalifisert arbeidskraft er ikkje noko nytt.

Vi kan alle vera einige om at faste stillingar kunne vore å foretrekka, men framstillinga økonomisk bør ein kunna stilla spørsmål ved.

Det kjem ikkje fram eit rekneskap om kva eventuelt vikarbruken kostar ekstra i forhold til faste tilsette.

Både kommuneadministrasjonen og politikarar har hatt det som mål at alle brukarar skal ha eit forsvarleg tilbod.

Eg stiller spørsmål om det er slik at desse brukarane ikkje skulle fått eit forsvarleg tilbud?

Politikarane har her tatt ansvar for innbyggarane på ein forsvarleg måte, kven vil gjera noko anna?

Dette er daglege behov som er og skal bli stetta - ikkje prestisjebygg som drar ned drifta vår i årtier.

Mikal Leigland (Sp)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.