Lokal | 09. mars 2020

Innfører restriksjonar for besøkande

Koronaviruset: Vil begrensa mengda besøkande - og kven som besøker Luranetunet.

Innfører restriksjonar for besøkande
Luranetunet vil frå i dag berre ha inntil to besøkande er bebuar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. mars 2020 17:15

Er du pårørande til nokon som bur eller oppheld seg ved Luranetunet eller Fusa bu- og behandlingssenter? For å hindra smitte av det nye koronaviruset, innfører kommunen nokre restriksjonar for besøkande til institusjonane.

– Dette gjer vi for å beskytta eldre og sjuke, som er i risikogruppa for viruset, skriv kommunen på sine heimesider.

Dette betyr i praksis at frå måndag 9. mars og så lenge FHI og kommuneoverlegen finn det tilrådeleg, blir det oppfordra å redusera talet på besøkande til 2 personar per bebuar.

Personar som har vore i område med vedvarande spreiing dei siste 14 dagane, eller har symptom på luftvegsinfeksjon, skal IKKJE besøke helseinstitusjonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.