Kultur | 10. aug. 2009

Innspurt og festival

Måndag neste veke skal Noregs nasjonalbåt kårast. Til helga er det siste innspurt - og opning av Kystsogedagane i Os.

Innspurt og festival
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. aug. 2009 06:44

Bildeserie:

1 av 2

Rune Søvik har tru på ein god innspurt i avstemmingsrunden for å kåra oselvaren til Noregs nasjonalbåt.

Ungdom med sans for tradisjon
Oselvarlaget har ein stor og engasjert medlemsmasse, i tillegg ser ungdom i Os ut til å ha eit nært forhold til oselvaren.

− Dei er raskare på tastaturet, og på internett, responsen på Facebook-gruppa for dei som vil ha oselvaren til nasjonalbåt har vore enorm, seier Rune Søvik.

Det er fleire aktive miljø rundt oselvaren, Oselvarverkstaden, som tar vare på båtbyggarkunsten, og bygger og sel oselvarar, Oselvarklubben, som organiserer oselvar-regatta, og Oselvarlaget, som eig Oselvarnaustet ved småbåthamna utanfor Irisgården i Hamnevegen.

− Mange av medlemmane i Oselvarlaget er godt vaksne og har lite erfaring med tekstmeldingar, derfor er det veldig kjekt å sjå kor mange unge som bryr seg om oselvaren og tradisjonsrik byggekunst, seier Søvik.

Slik stemmer du på oselvaren:

Send ei tekstmelding med teksten: Båt 2 til 2225. Pris per melding er 3 kroner.

Aktivt lag
Oselvarlaget er til for å fremja interesse for oselvaren som bruksbåt. Etter at dei i 2001 bygde eige naust på dugnad, Oselvarnaustet, blei dette arbeidet lettare.

− Her har vi samla mange båtar som vi har kjøpt frå folk som hadde dei ståande i naust rundt om i fylket. Folk kan koma innom og leiga eller låna båtar for å ro, eller slå av ein prat. Kvar tysdag og torsdag har vi ope i naustet, og då er alle velkomne, anten dei er medlem eller ikkje.

Laget har 120 medlemmar. Den viktigaste inntektskjelda deira er utleige av selskapslokale i andre etasje, dette er utleigd om lag kvar helg året rundt, av og til i vekene også. Dei eig også slippen ved naustet, og utleige av denne til sjøsetjing av båt gjer at kostnaden med bygging av denne snart er dekt inn.

− Og så har vi samarbeid med skulane, alle niandeklassingane får ein gong i løpet av skuleåret ein dag hos oss, både i nausten og på fjorden for å ro. Dette kan vera ein av årsakene til at så mange unge bryr seg om kåringa av nasjonalbåten, trur Søvik.

Vil nå mange
Åsmund Lien, som er dagleg leiar på Oselvarverkstaden, er opptatt av å skapa interesse for oselvaren hos flest mogleg.

− Eg forstår at mange er vane med å stemma mykje på sine favorittar, dette har dei lært av ulike underhaldningsprogram på TV. Men sjølv omprisen for å stemma berre er på 3 kroner per melding, er eg opptatt av at flest mogleg stemmer, eg har ikkje oppfordra nokon til å stemma meir enn éin gong, seier Åsmund.

Samstundes veit han at Noreg sin nasjonalbåt berre blir kåra éin gong.

− Det betyr ikkje alt, men det hadde vore veldig stas å kunna kalla oselvaren for nasjonalbåt. Ikkje minst til turistar, mange kjem frå hotella i Os og andre plassar frå, på besøk på Oselvarverkstaden eller Oselvarnaustet, og ein slik tittel ville ha auka statusen til oselvaren, seier Åsmund Lien.

Kvifor Lien meiner oselvaren fortener tittelen:
• Oselvaren er den norske tradisjonsbåten der båtbyggarane har tatt vare på flest av dei gamle handbyggarkunstane.

• Oselvaren er ein tradisjonsbåt for framtida, og den einaste som blir bygd i noko omfang. Oselvarverkstaden har sidan 1997 selt og bygd 60 båtar.

• Oselvar er nasjonal klasse for seglregatta, og har vore nasjonal klasse for ro-regatta.

• Den har ikkje berre lokal tradisjon, oselvaren var den viktigaste kystbåten i Hordaland.

• Oselvaren har blitt eksportert til utlandet sidan slutten av 1500-talet, og blir framleis selt til kundar utanfor landegrensene.

− Vi har mange gode tradisjonsbåtar på Vestlandet, og eg trur og håpar at folk frå heile fylket vil støtta oselvaren på vegne av alle desse flotte vestlandsbåtane, seier Rune Søvik.

KYSTSOGEDAGANE I OS

Laurdag 15. august: Opning
Stad: Søre Øyane
11.00 Opning ved ordførar Terje Søviknes
11.30-15.00 Utstilling ”Øyane før og no” 2. etasje på Bunnpris
11.30-14.00 Open båt på Hargun, ved kai på Sundøya
12.00-16.00 Utstilling på Vedholmen Galleri, Tere Risberg
12.30-14.30 Fiskekonkurranse for heile familien ved Os Småfiskarlag
12.45-14.30 Oselvar-kappsegling på kjerringahavet ved Milde Båtlag og Oselvarklubben
15.00 Premieutdeling og avslutning

Kystsogedagane held fram om to veker, med Bondens Dag og Oselvarfestival på Os.

Laurdag 29. august: Bondens Dag og Oselvarfestivalen
Stad: Os sentrum, Kyrkjeflaten og Hamnevegen
10.00 Gratis frukost på Osøyro
10.00 Utstillingar og ymse aktivitetar på Kyrkjeflaten
11.00-14.00 Ope hus på Oselvarverkstaden
11.30 Defilering med oselvarar på Oselvo
12.00 Kulturelt innslag, Os Mannskor ved Oselvarnaustet
12.30 Kapproing i oselvarar
12.30 Os Durspelsamskipnad spelar i Oselvarnaustet. Sal av kaffi og vaflar

Sundag 13. september: Kulturminnedagen ”Vatn og dagleglivets kulturminne”
Ei historisk vandring gjennom Osøyro
12.00 Oppmøte ved Oselvarverkstaden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.