Kultur | 08. jan. 2014

Inspirert av Island

Årets første utstillar i Hvelvet i Oseana er Egil Røed. Han har laga tresnitt med inspirasjon frå Island.

Inspirert av Island
Klippevegg III av Egil Røed (innfelt). (Pressefoto)
Kari M. Lyssandonsdag 08. jan. 2014 07:48

Frå 11. januar til 22. februar kan du sjå verk av Egil Røed i Oseana.

Island har vore utgangspunktet for Røed sine bilde sidan han fyrste gong opplevde den islandske landskapen for meir enn 25 år sidan,

Inspirerande Island

Kunstnaren har seinare hatt ein del opphald på Island, blant anna som gjestelærar på kunsthandverksskulen i Reykjavik, to opphald på Nordisk Gjesteatelier og utstillingar i Hafnarborg Institute of Culture and Fine Art.

Røed sine bilde er eit resultat av dei sterke opplevingane av det islandske landskapet. Det er dei nøkterne og monumentale landskapsformene som fasinerer han.

- Det er naturen som er hans utgangspunkt, men bearbeida og abstrahert for bruk i tresnitt, fortel Astrid Heggland frå Oseana.

Frå Frankrike til Os

Utstillinga på Oseana vil bestå av tresnitt fra perioden 1988 til 2013, og var eit utval til ei planlagt utstilling i Galerie Deneulin, Fort Barraux de Isére i Frankrike som på grunn av uforutsette hendingar måtte avlysast.

- Galleristen ønska eit utval tresnitt frå heile islandsperioden til Røed, og var sjølv med å valde ut ca 30 arbeid. Desse bilda er grunnstammen i denne utstillinga.

Røed har utdanning frå Bergen Kunsthåndverksskole, der han studerte hos Povl Christensen og Asbjørn Brekke, og frå Jean Clertés atelier i Paris.

Han har hatt studieopphald både frå København, Paris, London, Island og Finland.

Han har ei rekkje separatutstillingar og kollektivutstillingar bak seg, og er blant anna kjøpt inn av Nasjonalgalleriet, Bergen Billedgalleri, Norsk Kulturråd, Oslo Bys Samlinger, Institute of Culture and Fine Art, Hafnarfjordur, Island.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.