Lokal | 12. mars 2019

Interessante data frå fleire av gravene

Trine Frantzen-saka: Resultat frå skanninga av Øvsttun gravplass kan vera klare om ei veke.

Interessante data frå fleire av gravene
I går vart 12 graver på ein kyrkjegard på Øvsttun i Fana skanna etter nye tips i Trine Frantzen-saka. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 12. mars 2019 08:46

Bildeserie:

Gravplassen ligg like ved Skjoldskiftet i Fana. (Foto: KOG)
Gravplassen ligg like ved Skjoldskiftet i Fana. (Foto: KOG)
Etterforskar Kenneth Berg saman med mannskapa frå Cowi. (Foto: KOG)
Etterforskar Kenneth Berg saman med mannskapa frå Cowi. (Foto: KOG)
Etterforskar Kjell Mo har jobba med saka sidan 2006. (Foto: KOG)
Etterforskar Kjell Mo har jobba med saka sidan 2006. (Foto: KOG)
I dette husværet vart ein av dei siste observasjonene av Trine Frantzen gjort. (Foto: KOG)
I dette husværet vart ein av dei siste observasjonene av Trine Frantzen gjort. (Foto: KOG)
Insider-programleiar, Atle Evang Reinton, (nummer to frå høgre) i samtale med etterforskarane frå politiet. (Foto: KOG)
Insider-programleiar, Atle Evang Reinton, (nummer to frå høgre) i samtale med etterforskarane frå politiet. (Foto: KOG)
1 av 5

I samband med at TV-kanalen MAX sin «Insider»-dokumentar om forsvinninga til Trine Frantzen, som blei sendt i desember, har det kome inn fleire nye tips.

Nokre av desse tipsa gjekk ut på at ho skal ha blitt gøymd i ei, den gong, fersk grav på på Øvsttun i Fana.

Gravplassen ligg nært opp til husværet kor ei av dei siste observasjonane av Frantzen blei gjort.

Måndag utførte selskapet Cowi skanning av tolv av gravene på Øvsttun.

Nytta georadar

Saman med personell fra selskapet Cowi, som stod for skanninga, var etterforskarane Kenneth Berg og Kjell Mo frå politiet.

Mo er no pensjonert, men held fram med å jobba med saka.

– Eg kom inn i saka rundt 2006. Dette var på den tida den første tv-dokumentaren kom, som Ola Thune stod bak, fortel Mo til Midtsiden.

Mo fortel vidare at det er på grunnlag av den seinaste tv-dokumentaren at det på måndag vart gjennomført ei geoskanning av 12 ulike graver i Fana.

– Alle desse 12 gravene var i tida rundt forsvinninga til Frantzen nyleg opna og nytta. Basert på tips som kom inn i samanheng med Insider-dokumentaren nyttar vi i dag georadar for å sjå etter teikn på uregelmessigheitar i jorda.

Interessante data

Politiet kan ikkje seia så mykje om kva funn som vart gjort. Ifølgje BT.no vil resultata frå fleire av gravene bli undersøkt ekstra nøye, ifølgje TV2 er det snakk om data frå fire av gravene.

Mo fortel at det er venta å ta om lag ei veke å få analysert resultata frå skanninga.

Etter dette vil det bli vurdert om det er grunnlag for å opna ei eller fleire av gravene.

Tilstades på kyrkjegarden var òg «Insider»-programleiar, Atle Evang Reinton, og det vart gjort fleire intervju og opptak i løpet av dagen.

Bakgrunn:

• Trine Frantzen frå Os var 32 år då ho 13. mai 2004 blei meldt sakna. Då var det éi veke sidan sist nokon hadde sett eller høyrd frå Trine. Det gjekk 3,5 månadar før saka blei etterforska som mogleg drap.

• I oktober 2006 fekk spesialetterforskar Ola Thune, i TV Norge-programmet «Savnet» fram ny informasjon.

• To personar, ein av dei var Trine sin sambuar, blei sikta i 2007. Året etter blei saka henlagt grunna bevisets stilling.

• I februar 2012, i samband med etterforsking av drapet på Hilda Feste, kom det fram informasjon som gjorde at saka blei tatt opp på nytt. Men i desember same år, etter avhøyr av 45 vitne, blei etterforskinga trappa ned.

• I februar 2018 sa politiet, ifølgje BT, at dei ville gjera nye undersøkingar i saka , basert på nye tips.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.