Internasjonal markering: I kveld går Oseana i raudt
Ei rekkje kulturhus blir lyssette for å markera støtte til eit koronaramma kulturliv.
Som ein del av eit internasjonalt tiltak kalla «Redalert» går ei rekkje kulturhus og arrangementsstadar i heile Noreg bokstaveleg talt i raudt mellom klokka 20 og 22 i kveld.
Tiltaket har allereie vore markert fleire stadar verda over.
Bakgrunnen for markeringa er effekten koronapandemien har hatt på kulturbransjen, og spesielt dei som har sitt virke innanfor denne bransjen.
Bortfall av støtteordning råkar freelancarar og enkeltmannsføretak
Mange som jobbar innanfor kulturverda driv anten som frilansarar eller som enkeltmannsføretak.
Ei støtteordning som tidleg kom på plass då koronakrisa råka alt av konsertar og arrangement, ser no ut til å bli avvikla i november.
Bransjen ønskjer ei vidareføring av ordninga, eller ei avklaring på korleis motverka ei kompetanseflukt frå bransjen slik at det faktisk vil vera mogleg å gjennomføra kulturarrangement, konsertar og events når verda ein dag opnar opp att etter pandemien.
– Ei støttemarkering til underleverandørane våre
For dei som er freelancarar eller har enkeltmannsføretak er det ikkje mogleg å søkja dagpengar når arbeidet uteblir, og kveldens markering har fokus på nettopp denne problemstillinga.
Under markeringa i kveld vil stadar som Grieghallen, Ole Bull Scene, Rick's, Kvarteret og Logen i Bergen bli lyssett i raudt.
I tillegg er Bømlo Kulturhus og Oseana Kunst & Kultursenter med på markeringa.
– Sjølve kulturhuset har klart seg relativt fint gjennom koron-krisa, frå vår side er dette ei støttemarkering til underleverandørane våre, seier direktør Ole Tobias Lindeberg.
– Det er viktig å understreka at Oseana som kulturhus ikkje lid nokon naud. Vi opplever at vi har fått god hjelp og støtte gjennom krisa, men vi er sjølvsagt uroa over kva underleverandørane våre, som teknikarar, frilansarar og restaurantbransjen har av utfordringar.
– Difor vil vi vera med å bokstaveleg talt kasta lys over utfordringane og problemstillingane med i kveld å lyssetja heile foajeen og restauranten i raudt.
I Oslo vil det i løpet av dagen òg vera ein demonstrasjon frå Youngstorget til Eidsvollplass med appellar og kunstnariske innslag.