Kultur | 23. nov. 2010

Inviterer til cartoon-konsert

Os og Kuventræ Skulekorps har med seg Midtun Skoles Musikkorps når dei laurdag speler teiknefilm-musikk i Fjellheim.

Inviterer til cartoon-konsert
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. nov. 2010 08:19

TEGNEFILMKONSERT – med og for barn
Inspirerande samarbeid!

Komande helg slår Os og Kuventræ Skulekorps og Midtun Skoles Musikkorps seg saman til eit kjempestort og velklingande janitsjarkorps. Dei har i løpet av hausten førebudd seg kvar for seg, men har allereie også hatt 2 fellesøvingar. Til helga vert det først øving fredag kveld og heile lørdagen, med påfølgjande konsert i Fjellheim på ettermiddagen, med reprise i Fana kulturhus søndag.

Dei to korpsa har svært mykje til felles. Begge opplever flott oppsving når det gjeld rekruttering, begge er janitsjarkorps med nær 70 medlemmer fordelte på hovudkorps, juniorkorps og aspirantkorps, og begge vert leia av unge, dyktige kvinner.

Haldis Bårdsen er dirigent for Os og Kuventræ medan Siri Godø Wiik svingar taktstokken for Midtun.

Korpsa vart begge stifta på slutten av 50-talet, og begge har venta med lengt på å få spela heimekonsertane sine i skikkeleg konsertsal. Osingane ser fram til å flytta inn i Oseana i løpet av 2011, og dei vil no få prøva seg i det strålande flotte og flunkande nye Fana kulturhus. For konserten på Os lørdag er det framleis Fjellheim som gjeld.

Det vert det same musikalske innhaldet i begge konsertane, og vi kan lova at her vert noko for einkvar smak, ikkje minst for dei som likar filmmusikk.

Det vert mellom anna kjenningsmelodiar frå filmar som The Incredibles og Flåklypa, vi får høyra frapperande klarinettspel i Clarinet Candy, og vi får ei sunn påminning frå Karius og Baktus. I opningsmarsjen vert det å heia fram Snoopy for president, og det kan tørkast ei tåre når vi får høyra Can you feel the love tonight frå Løvenes konge.

Musikantane vil sjølv leia oss gjennom konserten, og til avslutningsnummeret (Muppet Show) har dei yngste musikantane laga songtekst som seier alt om kva korpsmusikken betyr for dei: «Vi speler i musikkorps, på mange instrument, Vi lager melodiar - og vi har det kjempegøy!»

Laurdag er det Fjellheim, Søndag Fana kulturhus! Kom og ha det både fint og kjempegøy!!

Vel møtt!!

Midtun Skoles Musikkorps
Os og Kuventræ Skulekorps












Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.