Sport | 09. nov. 2010

Inviterer til havfiske

No satsar Os Jakt og Fiskelag breiare og inviterer til havfiskekveld og -tur.

Inviterer til havfiske
Andris Hamretirsdag 09. nov. 2010 09:55

Uroa omkring ferskvannsfiske og mykje oppdrettsfisk i Oselva gjer at Os Jakt og Fiskelag (Os JFL) no rettar blikket utover fjorden og inviterer til havfiskekveld i Ulvehiet og havfisketur før jul.

- Det er mindre villfisk i elva, og sesongen blir berre kortare og kortare. Difor freistar vi no å få til eit tilbod også på vinteren og våren, fortel Tor Åge Thuen og Ove Lyssand i Os JFL.

Lag dine eigne tacklar
Onsdag 17. november inviterer dei til kurs i å knyte tacklar og oppheng til bruk i sjø og hav.

- Vi har fått Lars Iver Dale frå Campelen Bryggen til å koma for å gje eit kurs i korleis jakta storfisken og kva slags utstyr du kan laga sjølv til jakta, fortel Tor Åge Thuen.

- Kurset er opent for alle som vil, ikkje berre medlemmer i fiskelaget, supplerar Lyssand.

Dale vil tilpasse kurset ut frå deltakarane slik at alle får ei opplæring som er tilpassa kva nivå dei er på fortel dei to. Mellomanna vil han og kunne kome inn på kva du skal sjå etter på sjøkarta for å finne dei beste fiskeplassane.

Planlegg fisketur
Som ei oppfølging av kurset planlegg dei to karane ein havfisketur kor deltakarane kan få testa utstyret dei lagar seg på kurset.

- Vi veit ikkje heilt sikkert enno når turen blir, men vi håpar å få den til før jul, avsluttar Lyssand.

LES MEIR OM KURSET HER

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.