Kultur | 08. mars 2017

Inviterer til kurs i visuelle fag

Storstilt kulturskuleutstilling i Griegsamlinga. Der vil Os kulturskule vera med. – Difor inviterer vi til eit kort kurs i visuelle fag frå neste veke, fortel rektor.

Inviterer til kurs i visuelle fag
Rektor Christian Breistein gler seg over å kunne tilby eit sju vekers kurs i visuell kunst, og ikkje minst sjå resultata på fylkesutstillinga i mai (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 08. mars 2017 12:54

Våren 2015 testa Os kulturskule ut eit særs intensivt kurs i visuell kunst over to dagar i samband med Bergen kulturskule si sommarutstilling i Griegsamlinga.

– Det var eit veldig populært tilbod og blei fort fullteikna, så no tek vi det litt vidare, fortel rektor Christian Breistein ved Os kulturskule.

Sju veker langt kurs

No lanserar dei nemleg eit kurs over sju veker fram mot utstillinga som opner 13. mai, kor kulturskulane i Hordaland samlast til i Griegsamlinga.

– Sjølv om vi ikkje har eit fast tilbod om visuell kunst i Os kulturskule, så må vi jo sjølvsagt vera med på den utstillinga.

To grupper på Nore Neset

Kurset vil ha plass til maksimalt 16 elevar.

– Eg har nett fått stadfesta at vi får låne lokaler på Nore Neset Ungdomsskule, så då startar vi opp torsdag i neste veke.

– Vi har plass til to grupper, kvar på inntil åtte elevar. Kvar gong er kurset halvannan time. Påmelding kan ein gjera på kulturskulen si heimeside frå i morgon av og prisen blir tilsvarande som sju vekers deltaking på kulturskulen, nemleg 500 kroner, fortel rektoren.

Kurset er for born og unge i kulturskulealder.

Låner lærar frå Bergen

Sidan Os kulturskule ikkje har eigne lærarar i visuelle fag har dei inngått eit samarbeid med storebror i Bergen.

– Vi har fått låna lærarkrefter frå Bergen. Han har allereie ein idé til eit prosjekt han vil gjera med elevane, som endar opp i at også Os blir representert på fylkesutstillinga i mai, avsluttar Breistein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.