Sport | 16. des. 2010

Inviterer til turnering

I vinter kan du spela golf innandørs på Hauge. Turneringa er open for alle, også nybyrjarar.

Inviterer til turnering
Andris Hamretorsdag 16. des. 2010 10:03

Sjølv om snøen ligg kvit på bakkane er aktivitetsnivået høgt hos Bjørnefjorden Golfklubb på Hauge. No inviterar dei alle som vil til Kemax Open Golfsimulator-turnering.

- Saman med sponsoren Kemax arrangerar vi lag-turnering heile vinteren med total 17.000 i gåvekort i premie, fortel dagleg leiar Erik Just-Olsen.

Open for alle
Turneringa som går føre seg i dei to simulatorane golfklubben har i klubbhuset er open for alle, anten dei har spelt golf tidligare eller ikkje.

- Det er ei lagturnering der to og to spelar saman, men berre det beste slaget tel. Dermed gjer det ikkje så mykje om ein bommar med et slag for kompanjongen kan retta det opp att, forklarar Just-Olsen.

Innleiande ut januar
Turneringa har allereie starta opp, men dei innleiande rundane går fram til 31. januar. Fram til då er det berre å ta kontakt med golfkubben for å melda seg på.

- Dei 16 beste para går vidare til mellomspelet. Av dei som ikkje går vidare trekk vi ut eit gåvekort på 2000 kroner, fortel Just-Olsen.

Frå mellomrunden går dei fire beste vidare til sluttspel første laurdagen i april kor vinnarlaget får gåvekort på 8000 kroner. Også i mellomrunden vankar det premie på nokre av dei som ikkje kvalifiserar seg vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.