Inviterer til workshop om E39
E39 Os - Stord: Vegvesenet og kommunen vil 9. mai invitere brukar-representanter i Øyane til workshop. Skiper òg til nytt folkemøte to dagar seinare.
I plan- og bygningsutvalet torsdag fortalde kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, at Statens Vegvesen vil invitera brukargrupper til workshop 9. mai.
– Vegvesenet kjem til Os 9. mai for å ha workshop om E39 sørover for inviterte gjester. Då snakker vi om brukarane av området ute i Øyane, slik som FAU, skulen, grendalaget, fiskarlaget og andre. Dette vil ikkje vera eit ope møte, men ein workshop med dei involverte i høve kva moglegheiter som ligg der ute, utfordringar i anleggsperioden og liknande.
Folkemøte to dagar seinare
Samstudes fortalde Tjosås at det den 11. mai vil bli eit ope folkmøte i Oseana om E39.
– Der vil det òg bli lagt opp til stands frå dei ulike fagområda slik at folk kan få spørja og sjå nærare på dei tinga som interesserer dei, anten det er miljøaspekta, brukonstruksjonar eller andre områder.
Skal gje meir svar
Terje Sperrevik (TvS) peika på viktigheten at også politikarane frå både posisjonen og opposisjonen blei involvert.
– Vi var kritiske til det møtet som var i desember, då dei ikkje gav noko svar. Eg påer dei har lært, påpeika Sperrevik.
– Det er difor dei kjem igjen fordi folkemøtet i før jul gav meir spørsmål enn svar. Det er òg difor dei vil ha dei ulike stands, svara Tjosås.
Må ikkje gløyme Moberg og Svegatjørn
Espen Aspenes (Frp) peika på at noko av tyngdepunktet i diskusjonane etter det førre folkemøtet har flytta seg til området kor tunnellen kjem oppatt på Moberg og ved Mobergsvatnet.
– Blir dette eit punkt eller avdeling på møtet, undra Aspenes.
– Vi har spelt inn spesielt at dei må hugsa på det. Om det blir ein eigen stand veit eg ikkje, svara Tjosås før Gustav Bahus (Frp) følgde opp.
– Vegvesenet burde hatt eit møte med brukarane også i det området.
– Utfordringane der oppe er på reguleringsplan-nivå, så det er neste nivå i prosessen. Der er lineføringane rimeleg lagt ved at dei skal kobla seg på vegen mot byen. I Øyane er ein ikkje kome like langt i prosessen, forklarte Tjosås.