midtsiden

- Ja, det blei fisk!

I går reiste tre NM-deltakarar ut på årets første fisketur. Fangsten blei god nok til at den kan bli teljande.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Osingane Truls Marceliussen og Frode Øijordsbakken utgjer saman med Torry Brakstad Team Bjørnefjorden under årets NM i saltvassfiske. Konkurransen pågår frå 1. januar til 31. desember i år og i går reiste laget ut på årets første fisketur.

- Det blei bra fangst, to store blålange og ei stor brosme, rapporterar Truls Marceliussen frå fisketuren i Samnangerfjorden.

Dei to blålangene var 3060 gram og 4140 gram, brosma var 8180 gram.

- Alle tre er meldt inn. Vi håpar og trur at dei gjev poeng.

Kvar fiskar kan melda inn to fisk per art. Dei ti største fiskane av kvar art gjev poeng. Deltakarane i lag-NM er automatisk med i individuelt.

I lag-NM i fjor var det berre meldt inn to blålanger, desse var 3805 og 1060 gram tunge. Brosma som Team Bjørnefjorden fiska i går ville ha halde til 4. plass i 2009.

Fleire saker