Jubel etter at Målskred sikra sigeren i mixklassen i 2012. (Foto: KVB)

– Ja, det blir mixklasse

... men Os Fotball utset påmeldingsfristen til torsdag i håp om å få endå fleire lag med i MidtsidenCup, spesielt i dame- og mixklassen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I neste veke er det tid for årets gatecup for vaksne på Kuventræ. Arrangør Os Fotball fekk før fristen gjekk ut fredag påmelding av 27 lag, men har plass til fleire.

– I fjor måtte vi, for første gong, avlysa mixklassen, då det var for få påmeldte lag. I år er vi akkurat mange nok, men skulle gjerne hatt litt fleire, seier Leif Idar Røen frå Os Fotball.

I mixklassen, der du må ha minst to jenter på banen samtidig, er det meldt på fire lag. Det same gjeld dameklassen. Med mindre det kjem fleire lag blir kampane spelt i éi pulje, med bronsefinale og finale laurdag.

Påmeldingsfrist utsett til torsdag

I tillegg er det 19 herrelag, jamt fordelt mellom amatør- og eliteklassen, så det blir minst to puljer per klasse.

– Vi tar imot fleire lag i alle klassar, men siste frist for påmelding er torsdag klokka 12, seier Røen.

Cupen blir spelt med innleiande rundar tysdag eller onsdag (valfri dag) i neste veke og sluttspel laurdag 8. november.

Les alle saker om MidtsidenCup og følg MidtsidenCup på facebook.

Fleire saker