Kultur | 07. mai 2019

– Ja, no går vi for det endå litt større måltidet!

Det vert eit nytt Bjørnafjordmåltid 5. oktober - marked og «småtygg» i Vognhallen gjer at fleire kan få vera med.

– Ja, no går vi for det endå litt større måltidet!
– Ja, vi køyrer på med Det endå litt større Bjørnafjordmåltidet. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 07. mai 2019 13:48

Bildeserie:

Datoen for den tredje versjonen av Bjørnafjordmåltidet vert laurdag 5. oktober. (Foto: KOG)
Datoen for den tredje versjonen av Bjørnafjordmåltidet vert laurdag 5. oktober. (Foto: KOG)
Dei frammøtte fekk smaksprøvar frå lokale kokkar og leverandørar. (Foto: KOG)
Dei frammøtte fekk smaksprøvar frå lokale kokkar og leverandørar. (Foto: KOG)
Pål Skoheim frå Monsatufto i Lysefjorden var ein av dei lokale leverandørane på Solstrand i dag. (Foto: KOG)
Pål Skoheim frå Monsatufto i Lysefjorden var ein av dei lokale leverandørane på Solstrand i dag. (Foto: KOG)
Billettane til Det endå litt større Bjørnafjord-måltidet kjem i sal 14. juni. (Foto: KOG)
Billettane til Det endå litt større Bjørnafjord-måltidet kjem i sal 14. juni. (Foto: KOG)
1 av 4

I eit utfordrande vêr vart årets måltid lansert på kaien nedanfor Solstrand Hotell & Bad. Heile seansen vart toppa med nydelege smaksprøvar av lokal mat

Bjørnafjorden Matkultur, kokkar og leverandørar var til stades for å fortelja om korleis den tredje versjonen av Det store Bjørnafjordmåltidet vil bli.

I 2017 serverte dei 21 rettar til 220 gjestar, og i 2018 forsvann alle dei 270 billettane ut på fire dagar.

Større, lengre og to-delt dag

Daniel Skotheim frå Bjørnafjorden Matkultur fortel at det i årets versjon vil bli marknad i Vognhallen på dagtid.

– Vi ønskjer med dette at fleire skal få vera med og oppleva matkulturen frå Bjørnafjorden. Her kan publikum få treffa leverandørar, handla og få seg smaksprøvar.Dette skal vera eit treffpunkt med «småtygg» på menyen.

– Om kvelden køyrer vi vidare i storsalen i Oseana slik som før, men i år vert catwalken sjølvsagt endå større, og vi kjem til å ha storskjerm-produksjon med kamera-crew denne gongen òg.

På grensa til misunning

Gunnar Nagell Dahl fortel om ringverknadane dei tidlegare måltida har skapt;

– Tanken med dette prosjektet er jo å visa fram mangfaldet vi har her i regionen, og for oss er det viktig å få visa fram dei flotte kokkane og leverandørane vi har rundt oss.

Nagell Dahl har sjølv vore rundt i landet og halde foredrag kor han har snakka om Bjørnafjorden Matkultur og arranegementa dei to siste åra. Reaksjonane har ikkje latt venta på seg;

– Det er på grensa til misunning når eg fortel om suksessen her i Bjørnafjorden.

Billettar til Det endå litt større Bjørnafjordmåltidet vert lagde ut for sal fredag 14. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.