Kultur | 09. sep. 2011

– Ja, vi er i krig

Post-it-krigen har kome til Os.

– Ja, vi er i krig
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. sep. 2011 12:55

Det starta som ein duell mellom dataspelselskapet Ubisoft og bankgiganten BNP Paribas i kontordistriktet Montreuil utanfor Paris.

Det eine firmaet byrja å klistra post-it-lappar opp i mønster på vindauget og kort tid etter gjorde dei tilsette i bygningen på motsett side eit forsøk på å overgå dette.

Til Noreg i førre veke

Franskmennene døypte fenomenet La guerre des Post-it, eller Post-it-krigen på norsk. For kvar salve som blir fyrt av må motparten koma opp med noko meir kreativt.

Tilsvarande krig dukka opp i fleire europeiske byar. I førre veke kom fenomenet til Oslo, noko Aftenposten.no skriv om.

Loops starta krig i Os

No ser det ut til at krigen har kome til Os. Medieverksemda Loops i Telthuskvartalet skal ha dekorert kontorvindauget sitt med post-it, og motebutikken LoL var ikkje sein med å svara.

– Krigen er i gang! stadfestar Lena Stigen Mathiessen hos LoL.

Klar for meir

Om Libris Osøyro eller dei som bur i Oshjørnet kjem til å svara er uvisst.

– Vi ventar at det dukkar opp fleire partar i krigen, anten det blir rett over gata eller andre plassar i sentrum.

Ho er heller ikkje redd for neste trekk frå Loops.

– Vi er klare til å fyra av salve nummer to, ler Lena.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.