Jackson-show i Fjellheim
Olsenbanden møter Michael Jackson når to kor sundag går på scenen i Fjellheim.
Os Musikalkor og Os Ungdomskulekor skal ha konsert i saman på sundag.
Os Musikalkor skal framføra konsertversjonen av Olsenbanden for fulll musikk. Dei var nyleg med i Griehallen og framførte musikalen saman med Cheasy Keys og Divisjonsmusikken. No er det osingane som får oppleva nokre av låtane.
Os Ungdomsskulekor har arbeidd med Michael Jackson sin musikk i år, og framfører 8 av dei mest kjente låtane. "Beat it", "Man in the mirror", "They dont really care about us" er nokre av dei. Van Halens legendariske gitarsolo i "Beat it" er også med, og blir framført av Benjamin Berge.
Orkesteret består av:
Terje Neset, piano
Oddgeir Bjelland, sax, gitar, perkusjon
Geir Magne Johnsen, bass
Asbjørn Ludvigsen, trommer
Benjamin Berge, gitar
Konserten startar klokka 18.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.