Lokal | 30. mars 2017

Jagde åtte svaner ut av hamna

– Først såg det ut som om han gav opp, så viste han seg som ein strateg, seier munter tilskodar om Hamnesjefen sin manøver.

Jagde åtte svaner ut av hamna
Tre av dei åtte svanene i flokken yppa seg, her blir to av dei jaga ut av hamna. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. mars 2017 08:51

Bildeserie:

«Hamnesjefen» ville ha dei ubodne gjestane langt vekk. Tysnes og Fitjar i bakgrunnen. (Foto: KVB)
«Hamnesjefen» ville ha dei ubodne gjestane langt vekk. Tysnes og Fitjar i bakgrunnen. (Foto: KVB)
Dei andre fem gjestane heldt seg passive. (Foto: KVB)
Dei andre fem gjestane heldt seg passive. (Foto: KVB)
Sjefen nøgd, på veg inn i reviret igjen. (Foto: KVB)
Sjefen nøgd, på veg inn i reviret igjen. (Foto: KVB)
Så var det til å feira nok ein siger. (Foto: KVB)
Så var det til å feira nok ein siger. (Foto: KVB)
1 av 4

Knoppsvaneparet, som no hekkar i Oselvo for sjuande år på rad, ser framleis ut til å få Os hamn for seg sjølv.

Ein tilskodar fekk i går god underhaldning på morgonkvisten, då svanefar, den berykta «Hamnesjefen», forsvarte reviret mot ein god flokk på veg innanformoloen.

– Etter å ha svømt ut og møtt dei gjorde han rask retrett. Eg byrja å lura på om han ville gje frå seg reviret, seier Oluf Hessen.

Han bur i Os Sjøfront og får med seg mykje av det som skjer i hamna, også svanene sine grasiøse tokt.

– Lurte motstandarane med seg

Hamnesjefen, som normalt ikkje skyr verken andre dyr eller større båtar, let gjestane svømma etter seg langt innanfor moloane.

– Han var heilt inne ved Oselvarverkstaden før han bråsnudde og jagde dei ut igjen! Det var som om han ville lokka dei med seg i smalare farvatn for å få betre jaktforhold, seier Hessen og ler.

Utanfor moloane samla svanene seg, dei vaksne og ungane, som kanskje er blant dei rundt 40 ungane som er klekte i Finnebrekka langs Oselvo.

• Sjå video av klekkinga i 2015.

Hamnesjefen var ikkje nøgd med at dei låg og cruisa på blikkstille fjord utanfor hamna, gjestane blei jaga nesten halvvegs til Tysnes før han svømte, med bestemte tak, innanfor moloen og strekte hals for å feira nok ein siger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.