Lokal | 28. aug. 2014

Jakt utløyste politiaksjon

Væpna politi rykte ut etter melding om skarpe smell i skogen ved Kuventræ.

Jakt utløyste politiaksjon
Væpna politi rykte ut på melding om skarpe smell og fann ein mann på lovleg fuglejakt med hagle i skogen ved Kuventræ (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 28. aug. 2014 20:12

I 19.20-tida torsdag kveld fekk politiet melding om skot ved idrettshallen på Kuventræ.

Væpna politi rykte ut frå lensmannskontoret.

Det blei òg sendt patruljer frå Bergen.

På staden fann dei ein person med ei halge.

– Mannen dreiv med lovleg fuglejakt og har alle løyve i orden, meldte operasjonsleiar Janne Steimler Sætre ved Hordaland politidistrikt etter 40 minutt.

(Vi fekk først opplyst at det var snakk om jakt på skogsfugl, dette blei seinare retta/presisert til ringdue, der jakttida no er i gang).

Til bt.no fortel operasjonsleiaran at ho har forståing for at folk blir uroa når dei høyrer skot, men understeker at det ikkje var fare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.