Jaktar berserk 16-åring
Faren måtte rømma då guten raserte både hus og bil. Politiet jaktar framleis på guten, som blant anna brukte ei motorsag då han gjekk berserk i natt.


Klokka 23.40 fredag kveld fekk politiet melding om berserk 16-åring i ein bustad i Os nord.
- Vi kjenner til ungdomen frå før. Han hadde gått amok då han kom heim, og faren måtte rømma huset, fortel operasjonsleiar Ragnar Lyssand til Midtsiden.no.
Ei motorsag skal også ha blitt brukt du guten retta trugslar mot familien og gjorde skadeverk på både hus og bil.
- Det stemmer at ei motorsag blei starta, men eg veit ikkje om den blei brukt til noko, seier Lyssand.
Då politiet kom fram til adressa hadde guten stukke frå staden med ein kamerat. Politiet leita på fleire adresser i natt, og helt fram med å sjå etter guten.