Lokal | 05. mai 2014
Jaktar på tjuvegods
Ein av dei to som er mistenkt for innbrotet på Os vgs har innrømt ugjerninga.
Kari M. Lyssandmåndag 05. mai 2014 07:37
Laurdag 3. mai blei det gjort innbrot på Os vidaregåande skule, der blant anna ein bil vart stolen.
Politiet pågreip raskt to personar mistenkt for ugjerninga, og bilen, ein svart Berlingo, blei funnen.
- Dei er begge mistenkt for innbrotet og ein av dei har erkjent forholdet, fortel politioverbetjent Audun Hadler Olsen.
Ein person sit framleis fengsla og politiet jaktar på resten av tjuvgodset.
- I tillegg til bilen er det i hovudsak verktøy som er stolen frå skulen.