midtsiden

Jamt toppmøte

Os måtte låna spelarar frå Baune for å klara å stilla lag til treningskamp mot Austevoll, laget som leiar naboavdelinga i 3. divisjon.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Med juniorane i Norway Cup og blant anna Tore Valvik, Stian Lunde, Andreas Bjørnen og Anders Glesnes vekke, måtte Frank Hellevik låna spelarar frå gamleklubben for å klara å stilla lag til treningskamp mot Austevoll torsdag ettermiddag.

- I tillegg til tre spelarar frå Baune brukte vi Espen Halhjem og brasilianaren Felipe Kaka, som trener med oss, i kampen, fortel Frank.

Austevoll leiar avdeling 14 med eitt poeng framfor Brann 2, og stilte ifølgje Hellevik med fullt lag på Kuventræ torsdag kveld.

2-1 til pause
Os starta med Halvard Enes i mål, Einar Algrøy og Vegard Borgen i midtforsvaret, Per Søgnen Merai og Remi Osebakken som backar, Frode Buvik, Torkel Hjertnes og Tom Skråmestø frå Baune på midten, Christian Almeland, Helge Kalleklev frå Baune og Tim Henrik Sperrevik framme.

- Torkel Hjertnes gav oss leiinga etter rundt 15 minutt, men Austevoll utlinka i 30. minutt. Men tre minutt seinare skåra Torkel igjen, og vi gjekk til pause med leiing.

I 75. minutt utlikna Austevoll, men Christian Almeland gav Os tilbake leiinga i 83. minutt.

Os vann 3-2.

- God gjennomkjøring
Hellevik er nøgd med innsatsen og prestasjonane til dei som spelte i dag.

- Vi klarte oss bra sjølv om vi hadde mange vekke. Buvik var svært god, spesielt i første omgang, og Tim var i fin form. Samstundes såg det bra ut bak på banen.

- I tillegg til dei som starta fekk både Ørjan Greve frå Baune speletid. Det gjorde også Espen og Felipe, og dei hadde fine innhopp. Det skal bli spennande å sjå om dei kan prestera bra på Os 2 når serien startar igjen, seier Hellevik.

Os spelar første kamp etter ferien laurdag 8. august, på heimebane mot Norheimsund.

Fleire saker