Næringsliv | 09. aug. 2019

Jeanett blir ny leiar for Os sentrumsforening

Etter to tøffe veker fekk Jeanett Borgen Kallekleiv eit jobbtilbod ho ikkje kunne seia nei til.

Jeanett blir ny leiar for Os sentrumsforening
Jeanett Borgen Kallekleiv tek til som ny leiar for Os Sentrumsforening på måndag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 09. aug. 2019 13:18

I februar vart det kjent at William Lindorg sa seg opp som leiar av Os Sentrumsforening. Etter dette har stillinga stått ledig, og det har heller ikkje blitt lyst ut ei ny stilling heller.

På tysdag vart det kjend at Jeanett Borgen Kallekleiv hadde levert inn oppbod på motebutikken Borg Vêr ho starta i 2016. Borg Vêr starta i Os sentrum, men mista lokalet sitt og flytta til AMFI Os i fjor haust.

Såg etter ei som Jeanett

Næringskonsulent i Os kommune, Jon Sivert Rykkel, fortel at han tok kontakt med Jeanett etter å lese om nedlegginga av Borg Vêr.

– Eg hadde lenge tenkt at ein ny leiar for Os Sentrumsforening burde passa for ei som Jeanett; med stort engasjement og med inngåande kunnskap om bransjen, sal og marknadsføring.

– At Jeanett no har takka ja til stillinga inneber at vi ikkje berre fekk ei som Jeanett, men faktisk sjølvaste Jeanett.

Ut året til å byrja med

Rykkel seier at det framleis er noko uklart kva som skjer med stillinga som leiar for Os Sentrumsforening, men at Jeanett er engasjert fram til nyttår.

– Det er til sist opp til politikarane og budjetthandsaming kva som skjer vidare, men no hadde vi midlar tilgjengelege til ei stilling fram til jul, og då er det kjekt at Jeanett, på kort varsel, har takka ja til å ta stillinga.

Har fått fleire tilbod

Jeanett sjølv fortel at dei to siste vekene har vore beinharde, men at tilbodet frå Os Sentrumsforening kom på eit godt tidspunkt.

– Det er jaggu mykje som skjer om dagen, men at eg no fekk dette tilbodet, midt oppi ei utfordrande tid, betyr mykje for meg.

Jeanett kan òg fortelja at ho har fått fleire jobbtilbod denne veka, men då Rykkel ringte, var ho ikkje vanskeleg å be.

– Eg ser på jobben som leiar av Os Sentrumsforening som ein drøymejobb, og no ser eg fram til å starta på måndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.