Jeanett Borgen Kallekleiv, her då ho arrangerte moteshow på Knutabruo med eigen butikk, skal no byrja å jobba for Selected Femme. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Jeanett i ny jobb

Os Sentrumsforening vil no søkja etter ny leiar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Jeanett Borgen Kallekleiv, som i august sa ja til å leia sentrumsforeininga fram til jul, held ikkje fram i 2020.

– Denne midlertidige stillinga passa meg bra på fleire måtar. Eg brenn for Os sentrum, eg fekk koma i gang igjen etter at det var slutt for butikken min, og fordi eg gjekk med ambisjonar om å få meg ein salsjobb som inkluderte litt reising, fortel Jeanett.

Ho hadde allereie 10 år erfaring som seljar i sportsbransjen, blant anna med etablering av nye butikkar for Sport Outlet, då ho som 23-åring i 2016 opna Borg Vêr på Osøyro. No har ho takka ja til jobb for klesmerket Selected Femme, som er eigd av Bestseller.

– No får eg kontor i Oslo, så det blir flytting til hovudstaden rett over nyttår. Jobben i Os sentrum har vore veldig kjekk, men no er eg klar for å reisa litt igjen.

– Svært gode resultat på kort tid

Ho blei slengt inn i fleire praktiske oppgåver med det same ho starta som leiar for Os Sentrumsforening, først med Osløpet, så med Bondens Dag. Seinare har Svippin blitt lansert og gåvekort blitt relansert, samtidig som medlemsmassen har auka markant.

– Jeanett har gjort ein strålande jobb. Ho har utvikla fleire nye konsept på kort tid og ho har knytt mange nye, gode medlemmar til sentrumsforeninga, seier styreleiar Jon Sivert Rykkel.

– Det var uvisse om det var rom for dagleg leiar etter nyttår. Skal Jeanett erstattast?

– Ja. Vi har økonomisk kontroll på stillinga, og vi vil lysa den ut på ny. Det blir truleg 100 prosent stilling, og vi ser etter nokon med høg arbeidskapasitet, offensiv innstilling og godt humør.

Kallekleiv seier ho har likt seg godt i jobben.

– Om du skulle ha halde fram, kva hadde du jobba med gjennom vinteren?

– Ved sidan av generell drift og planlegging av vårens arrangement ville eg ha halde fram med det eg sjølv gjorde då eg dreiv butikk i sentrum, insistera på å samla flest mogleg om felles opningstid.

I dei siste vekene i sentrum for denne gang, skal ho halda peparkakebygda i Brugata open, arrangera julemarknadsdagane og sørgja for at søndagshandelen går fint for seg fram til jul.

Fleire saker