Lokal | 06. juli 2014

Jente biten av hund

Politiet si helg: Jente biten i ansiktet. Bil på taket i Lysefjorden. Tre menn slapp unna mistanke om promillekjøring.

Jente biten av hund
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 06. juli 2014 08:04

Fredag i 16.30-tida rykte politiet ut for å bistå etter at ein unge blei biten av ein hund.

– Jenta blei frakta til sjukehus med fleire djupe kutt i ansiktet, fortel politibetjent Anne Lyssand.

Hunden er tatt i forvaring.

Jenta hadde vore i besøk då familien sin hund hadde angripe. Politiet vil ikkje seia kva rase hunden er, men skildrar hunden som stor og ung.

Bil hamna på taket

Klokka 02.50 natt til laurdag var det eit trafikkuhell i Lysefjorden.

– Ein bil hadde fått eit hjul ut i grøfta og bilen glei utfor og hamna på taket.

Det var to unge menn i bilen. Dei kom uskadd frå det. Det er heller ikkje oppretta sak.

Var det nokon som kjørte med promille?

Laurdag kveld i 22.20-tida fekk politiet melding frå eit vitne om mogleg promillekjøring.

Tre menn skal ha blitt sett gå frå Solsiden, der dei drakk øl, til ein bil parkert ved Esso, der dei skal ha kjørt frå staden.

Politiet fekk registreringsnummeret og kom i kontakt med eigar, men ingen skal ha sett kven som sette seg bak rattet og politiet har ingen mistenkte i saka.

Rusa på el-sykkel

Ein mann blei stoppa på ein gang- og sykkelveg med noko som ser ut som ein moped.

Vedkomande var dessutan mistenkt for kjøring i rus, men kjørte ein el-sykkel og fekk trilla vidare.

Dette var fredag klokka 12.20.

Trekapping med kniv

Politet tok seg fredag kveld ein prat med nokre ungdomar som hadde samla seg på Os bussterminal, der ein av dei sto på eit gjerde og strekte seg opp mot ei grein på eit prydtre med ein kniv.

– Vi tok beslag i kniven, som vedkomande påsto å ha funne på terminalen. Han samtykka til at vi destruerte den.

Hengte tre frå bru

Natt laurdag, klokka 04.57, fekk politiet melding om eit tre som hang i eit tau over E39.

– Treet hang i ein oransj leidning frå brua ved Liafjellstunnelen. Treet blei fjerna etter det som truleg er gutestrekar som kunne fått alvorlege konsekvensar.

Vinglete kjøring

Fredag kveld fekk politiet melding om vinglete kjøring i ein utanlandskregistrert bil.

Bilen svingte av på Kaland, men politiet var opptatt og fekk ikkje sjekka opp.

Laurdag i 16-tida fekk politiet melding om eldre mann som kjørte 20-25 km/t under fartsgrensa, også han på ein vinglete måte.

Han kjørte dessutan i ein bil utan kjennemerke. Men gubben, som svingte inn ved Søfteland skule, var heldig, politiet var opptatt.

Kontrollerte 18

I 3-tida natt til søndag hadde politiet promillekontroll i Mobergsbakken ved Midtskogvegen.

18 blei kontrollert. Éin fekk merknad for å mangla baklys, to fekk gebyr for kjøring utan bilbelte.

Ville hoppa på sjøen

Ein fotgjengar i Byvegen blei dessutan kontrollert. Han var rusa og nekta å oppgje personalia.

Men patruljen fann bankkort på mannen, som er i starten på 20-åra. Han blei henta av ein kamerat.

Nærmare klokka 5 søndag morgon fekk politiet melding om rusa ein person som ville hoppa frå gjestebrygga.

Politiet kom til staden, men det gjorde også ein bekjent som fekk frakta vedkomande trygt heim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.