Lokal | 15. juni 2019
Jente henta med luftambulanse
Ei fem år gamal jente blei påkøyrd av bil i Askvik.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 15. juni 2019 19:17
Laurdag litt før klokka 19 fekk AMK melding om trafikkulykke i Nedre Askvik.
– Ei fem år gamal jente skal vera påkøyrd av ein bil, opplyser politiet.
Jenta var bevisst etter samanstøyten. Politi, ambulanse og brannvesen rykte ut til staden.
Ulykka skjedde i eit kryss på veg mot Askvik kai. Politiet på staden var opptatt, men vitne fortel at jenta kom ned ein sideveg på sparkesykkel. Verken ho eller bilførar klarte å stoppa.
Luftambulanse blei tilkalla og landa på eit jorde langs Strønevegen.
Litt over klokka 19 blei jenta tatt frå ambulanse over i helikopteret, som letta klokka 19.12.