Lokal | 02. aug. 2017

Jente i sjøen etter nytt Hamnesjefen-angrep

I ettermiddag, ti dagar etter at den kunne vore fjerna, fekk svana si åtferd i Os hamn nok ein gong konsekvensar.

Jente i sjøen etter nytt Hamnesjefen-angrep
Då svana strekte seg opp i båten for å angripa kasta Silje Marie seg uti for å svømma til land. Dødmannsknapp sørgja for at motoren stoppa. (Lesarbilde, foto: Vilde Madelen M. Andersen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. aug. 2017 20:33

Mens felling-vedtaket, som var gyldig frå 23. juli, er utsett i 14 dagar grunna dyreaktivistar sitt forsøk på å unngå avliving ved å finna eigna stad å flytta svana - hamna ei jente i dag i sjøen etter å ha blitt angripe av «Hamnesjefen».

– Den hakka etter meg og gjekk laus på både meg og båten med nebb og venger. Då han kom oppi båten for å angripa fekk eg panikk og hoppa uti for å svømma til land, fortel Silje Marie Larsen Torsvik (16).

• Siste: Svana blei avliva natt til torsdag

Ho og venninna, Vilde Madelen Moberg Andersen, hadde køyrd frå Lekvenvågen til Os hamn for å handla.

– Akkurat då vi skulle legga til land kom den i full fart. Eg kom meg opp på brygga, men fekk ikkje fortøydd båten før han gjekk til angrep på Silje, fortel Vilde.

Dermed blei Silje sitjande i båten, med motoren mot brygga og baugen ut.

– Eg ville ikkje køyra på han, eg var redd for å skada han. Då han strekte seg oppi båten kasta eg meg uti på motsett side, så båten kom mellom meg og han mens eg svømte inn til brygga.

– Heldigvis hadde eg dødmannsknapp på, så motoren slutta å gå. Mens eg klatra opp på brygga helt den fram med å angripa båten, som nokre framande køyrde ut og slepte til land. Då gjekk han også til angrep på dei, men heldigvis hadde dei litt større båt.

– Godt at den skal bli fjerna

Far til Silje Marie, Stein Ruben Larsen, seier jentene no er heime og har fått tørka seg.

– Dei er uskadde, men har fått seg ein støkk. Ein mobiltelefon gjekk med, men eg er glad det gjekk greit med jentene.

– Vi kjenner til svana frå før. Eg prøvde å reparera noko på båten ein gong, men då angreip den konstant. Kona prøvde å mata den med bollar, men den åt berre i seg bollen og kom tilbake.

– Den oppfører seg heilt annleis og langt meir aggressivt enn avkommet, som held til i Særvollsvika, der vi elles har båten liggande. Eg forstår at Hamnesjefen har blitt meir hissig, då han har eit travlare terreng å passa på, og reviret hans er jo stort, frå Moldaneset til Lekvenvågen.

– Dette er vel ein av fleire episodar som viser at knoppsvaner ikkje passar så godt inn i ei sentrumshamn som Os.

Då ein 63 år gamal dame i 2003 blei angripen av ei svane i Krististiansand, blei svana avliva på staden, ifølgje VG.

– Eg forstår at mange er glade i han, og i dyr generelt, men alle desse konfrontasjonane kan neppe vera bra for verken fuglen eller for andre. I tillegg kjem risikoen for at nokon skader seg. Når det har blitt som det har blitt så bør han fjernast, meiner Larsen.

«Hamnesjefen»-saka:

• Eit knoppsvanepar har sidan 2011 hekka i Oselvo. Hannen har fått tilnamnet «Hamnesjefen».

• Hamnesjefen har vore i fleire konfrontasjonar med ungar i båt. Ved minst eitt tilfelle ramla båtførar i sjøen, ein annan har køyrd i stolpen på Osbrua då han blei distrahert av svanen.

• Hamnesjefen gjekk fredag 30. juni til angrep på ei barnehagejente som vassa i Mobergsvika.

• Kommentar: Bør «Hamnesjefen» fjernast?

• Måndag 3. juli fatta Os kommune vedtak om felling, gyldig frå 23. juli og to veker fram (felling innan søndag 6. august).

• Fredag 21. juli sa Miljødirektoratet nei til eventuell flytting av svanen, måndag 24. juli, etter møte mellom Svanehjelpen i Os og Os kommune, blei effektuering av vedtaket sett på vent for å undersøkja om svana likevel kan flyttast.

• Måndag 31. juli demonstrerte 30 aktivistar framfor rådhuset mot fellingsvedtaket. Då blei det klart at landbrukssjefen har forlenga vedtaket med 14 dagar, altså til 20. august. Dette gir Svanehjelpen og Os kommune betre tid til å prøva å finna ny, eigna plass til svanen.

• 2. august: Advokat hevdar vedtaket om felling er ugyldig.

Vi ber lesarar som kommenterer om å halda ein sakleg tone!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.