Sport | 31. juli 2013

Jentene er vidare i sluttspelet

Søre Neset er klare for semifinale i B-sluttspelet, to jenter frå Os, på utlån til Hetlevik, er vidare i A-sluttspelet i Norway Cup.

Jentene er vidare i sluttspelet
Tonje Lindbom og Guro Veglo er lånt ut frå Os til Hetlevik i Norway Cup. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. juli 2013 20:30

– Det er kjekt å vera tilbake på Norway Cup og vi trivst saman med Hetlevik-gjengen, seier Guro Veglo.

Vanlegvis er ho kaptein på J16-laget til Os, som tok seg til kvartfinale i fjor, denne veka er ho i Oslo med lagvenninna Tonje Lindbom, på utlån til 1. divisjonsmotstandar Hetlevik.

– Vi er nøgd med både speletid og prestasjon, seier Guro.

Hetlevik vann dei to første kampane, men tapte den siste i den jamne pulja. Dermed blei det A-sluttspel med 1/32-finale i dag.

Der blei det 8-0-siger til Hetlevik over Skedsmo 1, neste kamp går torsdag formiddag mot Hesseng.

I tillegg til Guro og Tonje er tidlegare Os-spelar Dorte Holen i Norway Cup med Smørås.

Smørås tok seg til A-sluttspel etter éin siger og ein uavgjort i innleiande runde, og møter Varden torsdag formiddag.

Maren skaut Søre Neset til semifinale

Søre Neset sitt jentelag stiller i juniorklassen i 7-ar i Norway Cup.

– Vi har ingen spelarar som er fylt 17 år, men tre som er fødd i 1996, så då blei det sånn, seier trenar Øystein Mjelde.

Juniorlaget hamna i B-sluttspelet, og der har dei gjort det bra.

Tidlegare i dag vann dei 4-0 over Tjørvåg i 1/8-finale, i kveld vann dei 3-1 over Follese/Askøy i kvartfinale.

– Tidlegare i dag hadde vi fire målskårarar, Kine, Ester, Maren og Susanne, i kveld skåra Maren Gjerde alle dei tre måla våre.

Semifinalen går torsdag kveld, så dagen i morgon går med til kos.

– Då reiser heile gjengen på Tusenfryd, seier Mjelde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.